Nytt frå kommunedirektøren 12. april 2024

Overskrifter denne veka: Ny folkehelseoversikt. God respons på medarbeidarundersøkinga. I mål med meklinga om kommuneplanen sin arealdel.

Ny folkehelseoversikt – vi har det godt i Sunnfjord!

I Sunnfjord kommune lever dei fleste gode liv og innbyggarane har generelt god helsetilstand, men vi har folkehelseutfordringar. Dette er noko vi som organisasjon og samfunn må ha kompetanse om, planlegge for og førebygge. Folkehelseoversikta er eit kunnskapsgrunnlag om faktorane som påverkar helsa, gjer oss kunnskap om eigne tenester og utviklingstrekk. Ut frå funna har vi definert fem utfordringane fram mot 2027:

  • Ulik fordeling av helse. Vi veit at låg utdanning, som grunnskule, ofte fører til at ein lever kortare enn ein med vidaregåande - og høgskule, og at låg utdanning oftare kan gje dårlegare helse med ein eller fleire livsstilssjukdommar t.d. hjarte og karsjukdommar, overvekt og diabetes. Ulike sosiale og økonomiske forhold er eit resultat av korleis samfunnet fordelar ressursar og moglegheiter, samt korleis enkeltmenneska nytter seg av desse. Det bør vere rettferdige vilkår for at alle lever gode liv. Eit godt liv er ein grunnpilar for sosial berekraft. Vi vil det skal vere godt å bu i Sunnfjord og vil skape gode kvardagsliv for innbyggarane våre. Då må vi ha eit klart og tydleg folkehelsearbeid som er med å redusere sosial ulikskap i helse. Det viktigaste tiltaket er å sikre at barn og unge fullfører skulegang.
  • Demografiske endringar der vi blir fleire eldre og born. Vi må planlegge tenestetilbodet som institusjonsplassar, skuler og barnehagar slik at det er tilpassa endringane som kjem.
  • Psykisk helse og livskvalitet er eit viktig område som er inkludert som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet vårt. Psykisk uhelse er eit aukande problem og vi som organisasjon og samfunn må ha psykisk helsefremmande tiltak som å redusere mobbing, legge til rette for gode oppvekstvilkår.
  • Klimaendringar vil vi oppleve gjennom meir nedbør, meir ras og flom. kanskje busetnaden må revurderast og nokon må flytte. Vi må tilpasse oss klimaendringane.
  • Flyktningar utgjer ei sårbar gruppe med spesifikke folkehelseutfordringar, som kommunen må handtere med tilstrekkeleg kompetanse og ressursar for å møte deira behov.

 

God respons på medarbeidarundersøking

Eg vil takke alle som svarte på medarbeidarundersøkinga i februar. Vi oppnådde ein svarprosent på 80 %. Det betyr at 1842 tilsette av 2280 svarte på undersøkinga. Det er svært bra og betre enn i 2022.

Vi vil gjennomføre ei slik medarbeidarundersøkingar årleg. Desse undersøkingane er viktig for meg, kommunalsjefane og einingsleiarar. Det gir oss ein svært god peikepinn på korleis tilsette opplever arbeidssituasjonen sin.

På kommunenivå ser eg at dei mest positive resultata finn vi når vi taler om meiningsfylt arbeid, sosialt samspel, medarbeidarskap og engasjement. Så har vi litt å hente på rolleklarheit og tilbakemeldingar.

No skal einingane gå igjennom resultatet, og finne to stabiliseringstiltak og to forbetringstiltak dei skal arbeide vidare med. Eg håper og trur at engasjementet for denne delen av undersøkinga også vil vere like stor som svarprosenten.

Så vil eg minne om at arbeidet for eit godt arbeidsmiljø aldri har ein sluttstrek. Det er eit kontinuerleg arbeid som skjer kvar dag, og kor vi alle skal gje vårt bidrag.

Lukke til med det vidare arbeidet!

 

Vi kom i mål i meklinga om kommuneplanen sin arealdel.

Onsdag denne veka vart det gjennomført mekling med Statsforvaltaren om kommuneplanen sin arealdel (KPA). Det stod att 7 varsla motsegner frå statsforvaltaren. Frå kommunen stilte ordførar Jenny Følling, einingsleiar Odd Harr Strømsli, prosjektleiar KPA Julie Daling og eg. Det var statsforvaltaren sjølv, Liv Signe Navarsete som leia meklinga. Ho hadde med seg ulike fagfolk som representere fag og tema som motsegnene handla om.

I slike meklingar handlar det om å kome til semje. Då må begge partar vise evne og vilje til å gi og ta for å kome fram til gode løysingar. Det meiner eg vi oppnådde denne gangen. Eg ønskjer ikkje å gå inn på dei sju meklingsområda no. Det skal dei folkevalde få kunnskap om først. Vi er særs nøgd med at vi no har ein plan som kommunestyret kan ta endeleg stilling til. Varselet om planoppstart vart sendt i 2021 – så Sunnfjord kommune sitt arbeid med KPA har tatt si tid. Det var difor kjekt då statsforvaltaren inviterte til eit eige møte seinare der vi kan sjå på prosessen slik at begge partar kan hauste lærdom av det vi har vore gjennom.

Eg vil sjølvsagt takke alle tilsette og folkevalde som har arbeidd godt med denne planen. Eg trur alle kjenner på den gode kjensla at vi snart kan ha ein felles plan for den nye kommunen, og ikkje fire gamle planar som verktøy i utviklinga av Sunnfjord kommune si framtid. Det skal bli bra!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66