Grafisk profil

Grafisk profil

Sunnfjord kommune har ein mangfaldig grafisk profil med utgangspunkt i illustrasjon av Gregory Idehen. Profilen består av ulike illustrasjonar, mønster og fargar. Dette grafiske uttrykket hjelper kommunen til å framstå med ein samla identitet. 

Haltenbanken og Rein Design har utvikla den grafiske profilen og kommunevåpenet til Sunnfjord kommune. Kartleggingar, intervju og ulike former for arbeidsgruppemøter har vore nytta for å finne fram til identiteten til Sunnfjord kommune. Forankringa til kven Sunnfjordingen er var utgangspunkt både for den grafiske profilen, kommunevåpenet og ordførarkjedet.

Profil handboka til kommunen inneheld reglar for bruk av grafisk profil, kommunevåpen og val av fontar og farger.

Tilsette vil finne ulike malar her på intranettet

Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Sunnfjord kommune er stekt  forankra i identiteten til Sunnfjord kommune. Det vart gjennomført teiknekonkurranse med over 800 innsendte forslag i tillegg til det omfattande arbeid for å finne ein identitet. Brei involvering av innbyggarane var viktig for å finne fram til eit symbol som vi kan identifisere oss med.

Sunnfjord har over 50 store og små fossefall i dei fire elvane Nausta, Gaula, Anga og Jølstra. Noko av det typiske landskapet her er derfor dei mange elvane og fossane. Kommunevåpenet er eit forenkla, reint og abstrahert symbol for foss, bygd opp av geometriserte former frå den særprega Viksdalsmalinga. I overført tyding spelar «Fire elvar» på det symbolske i at fire store vassdrag møtes og går saman i ei større eining. Saman er vi sterkare, og vi drar samla vidare. Retninga elva renn i, fyller samtidig symbolet med ein vekst, energi, kraft og vilje oppover og framover.

Kommunevåpenet har fargeverdiane: Cmyk: 100, 42, 67, 33, Rgb: r0, g88, b80, Hex: #005850

Her ser du eit utval av ulike måtar å bruke kommunevåpenet til Sunnfjord kommune. Dersom du har behov for andre filformat enn JPG, så kan du ta kontakt med informasjon@sunnfjord.kommune.no 

Ordførarkjede

Ordførarkjede til Sunnfjord kommune er designa lokalt av Univerket AS og Øvrebø smykkeverkstad. Øvrebø smykkeverkstad står også for produksjonen av ordførarkjedet.