Planstrategi

Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit verktøy for politisk prioritering av planoppgåver. Planstrategien er retningsgjevande for kommunen si planlegging og har ingen direkte rettsverknad for kommunen sine innbyggjarar.

Dei ulike plantypane

 

Planstrategi for Sunnfjord kommune 2020-2023 (PDF, 823 kB)

Planstrategien skisserer sentrale utviklingstrekk og utfordringar, erfaringar med gjeldande planar, avklare behov for revisjon av kommuneplanen, status på planoppgåver og vurdering av planbevhoet i inneverande kommunestyreperiode.

Forslag til planstrategi 2024-2027

Forslag til planstrategi 2024 – 2027 for Sunnfjord kommune er no lagt ut. Planstrategien skal handsamast i politiske råd og utval i mai, med mål om vedtak i kommunestyret 30. mai 2024. Strategien er eit hjelpemiddel for det nye kommunestyret til å avklare kva planoppgåver vi skal prioritere i valperioden for å møte kommunen sine behov. Ved å ta utgangspunkt i utviklingstrekk i kommunen, gjer vi ei konkret vurdering av kva planar som bør lagast og prioriterast.

Planstategi for Sunnfjord kommune 2024-2027