Visjon og verdiar

Sunnfjord kommune er ein ny kommune, og ønsker å bruke visjon og verdiar som gode verktøy for å sjå heile den nye kommune som ein heilskap. Visjonen  og verdiane hjelper oss i å gå i same retning og i å prioritere. 

Visjonen peikar framover, og gjev retning, men den fungerer også kvar dag.

Visjon: Saman blir vi drivande gode

Verdiar: Vi er EIN

Engasjert

  • Ein engasjert kommune er ein kommune som til ei kvar tid veit at dei jobbar for innbyggarane. 
  • Kommunen bryr seg om menneske, bygg, natur og kommunen si framtid, er handlekraftige og har god driv framover. 
  • Den engasjerte kommunen er bygd på kompetente, kunnskapsrike og framtidsretta menneske, som vil kommunen sitt beste, og som står på for å hjelpe og yte service.

Inkluderande

  • Ein inkluderande kommune er ein raus og open kommune med tilsette som møter alle med respekt.
  • Kommunen ser alle, og søker å møte alle sine behov på ein open og imøtekommande måte.
  • Kommunen er samlande for alle som arbeider der.

Nær

  • Ein nær kommune er ein kommune du har tillit til. Ein nær kommune kjenner innbyggarane sine og tar dei på alvor.
  • Innbyggarane kjenner seg trygge i møte med kommunen, og dei veit at dei som arbeider der er til å stole på.
  • I  kommunen jobbar ein tett med kvarandre – og tett på innbyggarane.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no