Kvifor universell utforming er viktig

Alle IKT-løysingane til kommunen, både for innbyggjarar og tilsette, skal vere universelt utforma (uu). Det betyr at all skal kunne bruke løysingane

Nødvending for nokon – betre for alle

Universell utforming er heilt nødvendig for einskilde grupper. Ein god IKT-løysing må ta høgde for mangfaldet blant oss. Ein bonus av å trygge at alle kan bruke løysinga er at den blir betre å bruke for alle.

For menneskje med funksjonsvariasjon kan det bli svært vanskeleg eller umogeleg å bruke ein nettløysing om den ikkje er universelt utforma. Dette gjeld blant anna menneskje med:

  • Nedsett syn
  • Nedsett høyrsel
  • Dysleksi
  • Nedsett motorikk og kjensle i fingrar
  • Kognitive vanskar

Denne gruppa er større enn folk flest gjerne trur. Ca. 20 prosent av befolkninga har funksjonsvariasjonar.

Ein bonus ved å følgje lovkrava og prinsippa for universell utforming av IKT er at nettstader, IKT-løysingar og appar vert meir brukarvenleg for alle, også for eldre, personar med anna morsmål enn norsk, deg som har gløymt lesebrillene, skal lese på ein skjerm i sterkt sollys, eller har dårleg tid når du skal kjøpe billett. Universelt utforma løysingar for tilsette vil også fremje mangfald og gje meir effektive tilsette.