3-5 år

Legg lista passe høgt - hjelp barnet med å bli sjølvstendig

Å finne ut kva som er ei passe stor utfordring for eit barn, kan vere ganske krevjande. Vi vil ikkje at barnet skal bli stressa eller redd for å ikkje vere god nok. Det er heller ikkje lurt å legge så mykje til rette for barn at dei ikkje forventar noko som helst av seg sjølv. Somme tider gjer vi ting for barnet som han/ho hadde klart fint på eiga hand, fordi det går mykje raskare enn viss barnet skal gjere det. Det er lett å gløyme at barnet får mykje meir mestringsglede når vi berre hjelper til litt, og lar dei klare resten sjølv. Når du klarar å gje barnet ei oppgåve som gjer at det må strekke seg litt, gir det både mestringskjensle og sjølvtillit til å klare nye utfordringar.

Vi foreldre bør vere merksame på at det kan vere lett å overvurdere barnet også. Eit lite barn kan for eksempel ha eit veldig godt språk, utan at det nødvendigvis forstår alt det sosiale eller emosjonelle i ein situasjon. På same måte kan eit barn med små søsken få så mykje ros for å klare seg sjølv, at det til slutt kan vere vanskeleg å be om hjelp. 

Barn, foreldre og alkohol

Mange vaksne vil kose seg med alkohol, også når dei er i lag med barna. Når vaksne drikk alkohol kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Barn merkar endring hos vaksne tidlegare enn vi trur. Kor mange glas trur du barnet ditt toler at du drikk?

 

Kropp og grenser

Foreldre bør snakke med barna om kropp, seksualitet og grenser. Kunnskap gjer at barna vert tryggare, sterkare og betre rusta til å beskytte seg sjølv og setje eigne grenser. Korleis vi reagerer på barn si utforsking av kropp/spørsmål dei stiller - både med ord, tonefall og ansiktsuttrykk, er med på å forme barnet si oppfatning og følelsar knytt til seksualitet.

Her er tema som ein gjerne kan snakke med barna om i denne alderen:

  • Fortel om kroppen og korleis den verkar. Lær barna vanlege ord på kjønnsorgan
  • Forklar forskjellen på jentekropp og guttekropp
  • Fortel at babyar ligg i mora sin mage og at dei kjem ut av skjeden
  • Sei at der er lov/ok å ta på og kose med sin eigen tiss. Forklar også at ein kan gjere det når ein er for seg sjølv.
  • Snakk om grenser. Både personlege og sosiale. Eit eksempel kan vere at det er vanleg å ha på seg kle når ein er ute og at det ikkje er lov å ta på tissen til nokon utan lov.
  • Forklar at barnet bestemmer over eigen kropp – og kva det betyr. Dei kan sjølv bestemme om dei vil gje nokon ein klem eller ikkje. Snakk om at viss nokon for eksempel tvingar dei til å ta på eigen eller andre sin tiss, så må dei seie dette til nokon dei stolar på. Det er ikkje å sladre.

Fysisk aktivitet

Regelmessig fysisk aktivitet er nødvendig for normal vekst og utvikling, og god helse hos barn og unge. Dei minste barna er naturlig aktive, men foreldre bør passe på at aktiviteten er tilstrekkelig, allsidig og kjekk for barnet. Gå turar i nærmiljøet, i skogen, utforske terreng og underlag ved ulike årstider – med vatn, snø, is, mose, røter, gras, asfalt og strand. Aktivitet i barneåra gir gode erfaringar og sunne vanar barnet tek med seg inn i vaksenlivet.

Gode matvanar

Helsedirektoratet tilrår eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder behandla kjøt (t.d. pølser, kjøtdeig), raudt kjøt, salt og sukker. Vatn er ein god tørstedrikk. Med utgangspunkt i kostråda, kan eit sunt kosthald settast saman på ulike måtar. Sjå gjerne etter nøkkelholsmerket når du handlar mat. Dette gjer det enklare å velje sunne alternativ.

Små barn og skjermbruk

Dei fleste barn i Norge veks opp med smarttelefon, TV og andre skjermar i miljøet sitt. Helsedirektoratet rådar foreldre til å unngå at 1-åringar brukar tid foran skjerm. Dette fordi skjermtid reduserer tida barn er aktive gjennom leik og anna fysisk aktivitet. Dette er i tråd med WHO (verdas helseorganisasjon) si tilråding om at barn under 2 år ikkje bør bruke skjerm. Leik og fysisk aktivitet legg grunnlaget for ei god utvikling og god helse. Vi på helsestasjonen ønskjer at de tenker gjennom kva reglar de vil ha for skjermbruk i heimen, for både barn og vaksne. Vaksne er viktige rollemodellar for barna. Vaksne sin skjermbruk kan også bli til hinder for sosialt samspel ved at den vaksne ikkje får med seg det barnet forsøker å kommunisere. Legg vekk mobilen når du er i lag med barnet ditt.

Barn og sol

Barn har tynnare hud og mindre pigment enn vaksne, og blir difor lettare solbrende. Solbrentheit gir større risiko for hudkreft seinare i livet, og gjer det viktig å beskytte huda i sola.

Førebygging av skader og ulukker

Foreldre kan vere er engstelege for at det skal skje noko med barnet deira.

Vi minner om at det er påbod om å sikre barn riktig i bil. Det er tilrådd å bruke bakovervendt barnesete til 4 års alder. Her finn du gode råd (Helsenorge.no)

Passiv røyking gir helserisiko for barn

Passiv røyking er å puste inn luft med tobakksrøyk. Barn som blir utsette for passiv røyking er meir utsette for både kortvarige og langvarige helseplager. Dei har større risiko for krybbedød, astma, luftvegsinfeksjonar og øyrebetennelse.