Byggeskikkpris

Vi vil invitere deg til å kome med innspel til kven du synest fortener byggskikkprisen til Sunnfjord kommune i 2023.

Kommunen sin pris for byggeskikk er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg, konstruksjonar og tiltak som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet i Sunnfjord kommune. 

Byggkvalitet er kvalitetar som bygget, konstruksjonen eller tiltaket har i seg sjølv og i samspel med omgjevnadane. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjengeligheit og byggeskikk. Samla skal kvalitetane bidra til gode bygg for brukerne og samfunnet.

Kven kan få Byggeskikkprisen?

Det kan vere eit byggverk, ein konstruksjon eller eit handfast fysisk tiltak som;

  • aukar kvaliteten
  • skapar eit godt bumiljø
  • forskjønnar eit område

Det er også mulig å foreslå gode rehabiliteringsprosjekt.

Initiativtakar, arkitek eller byggmeister som er mottakar av prisen.

Krav som bygget, konstruksjonen eller tiltaket må  oppfylle for å kunne få Byggeskikkprisen:

  • Ha fremragende byggkvalitet.
  • Vere eit resultat av gode og innovative byggeprosessar.
  • Det må vere ferdigstilt etter 1. januar 2020.
  • Om det har krav om ferdigstillingsattest, så må dette vere på plass.

Kommunen sjekkar om desse krava er oppfylt, så du treng ikkje tenke på det når du sender inn ditt forslag.

Frist for å sende forslag

Frist for  å sende inn forslag var 1. april 2023.

Komitè for Byggeskikkprisen 2023

  • Rune Hegrenes, Senterpartiet
  • Kari Birkeland, Senterpartiet
  • Jakob Andre Sandal, Sosialistisk Venstreparti
  • Ann-Kristin Strømmen, master i arkitektur, Salt Arkitekter AS
  • Arve Seger, siv.ark. MNAL

Prisen vil bli delt ut på kommunestyremøte 16. juni 2023.

Kontakt

Tore Kristen Gjelsvik
Fagkoordinator byggesaksavdeling
E-post
Telefon 57 61 27 29
Mobil 95 98 96 17

Fagkoordinator for byggesaksavdeling. Jobbar med handsaming av byggesaker etter plan- og bygningslova