Kart og eigedomsinformasjon

Ein del kart og eigedomsinformasjon kan du finne gratis via opne nettsider. Treng du å bestille eigedomsopplysningar som meklarpakke eller opplysningar til ei byggesak må du betale for opplysningane. 

Kommunekart frå Norkart

Kommunekart kan du bruke gratis både som app på telefonen/nettbrettet ditt eller på pc. 

Kjøp av eigedomsinformasjon og kart

Her kan du kjøpe kart, eigedomsinformasjon, meklarpakkar, matrikkelbrev/målebrev, byggteikningar og anna.

Vi har avtalar med to ulike nettbutikkar som distribuera våre data. Kommunen levera ut identiske produkt til nettbutikkane, men vareutval og prisar kan variere noko ut frå korleis dei ulike butikkane presentera sine produkt.

 

e-Torg

e-Torg er nettbutikken for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester.

På e-Torg finn du:

  • digitale kart
  • 3D-modellar
  • nabovarsel
  • eigedomsinformasjon
  • arealplanar
  • meklarpakke

og mange andre nyttige produkt.

e-Torg gjer ting enklare og sparer deg for tid til innhenting av eigedoms- og kartdata frå kommunen. e-Torg er tilgjengeleg på alle plattformer, og er ope 24/7, og har alltid dei mest oppdaterte data.

Andre opne kart på nett

Nasjonale karttenester og anna kartbasert informasjon:

Kartverket sine nettsider

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no